På regobs.no kan du sjå kva snøobservasjonar andre har lagt inn. Det kan vere nyttig og sjå om det er gjort observasjonar dei siste dagane for den staden du skal på tur. Dette kan hjelpe deg til å gjere gode lokale vurderingar av snøskredfaren. Sjå film i til høgre her for å få eit inntrykk av korleis du kan leite etter informasjon på regobs.
Hugs at du også kan hjelpe andre med å legge inn dine observasjonar i regobs
Når du skal planlegge ein tur i vinterfjellet i forhold til snøskredfare er vurdering av brattheit det fyrste og det aller viktigaste du skal gjere . Viss terrenget ikkje er bratt nok til at det kan gå skred og du ikkje skal gå i nærleiken av skredterreng vil du alltid vere trygg.
Du kan bruke eit brattheitkart for å finne informasjon om kor bratt terrenget er.
Hugs at det finst mange brattheng som ikkje syner på karta sidan me har 20 meter ekvidistanse på norske turkart.
Brattheitskart kan gi deg eit inntrykk av terrenget, men du lyt alltid gjere enkelthengsvurderingar når du er ute i terrenget
I tillegg kan du dela valt kartutsnitt og det du har teikna i kartet med andre. Ein kjapp og grei måte å senda ut info til turkompisar.
NVE Temakarta fungera òg på mobil og brett.
Viss du utifrå brattheitskart eller anna informasjon finn ut at turen din går i skredterreng lyt du gjere ei vurdering av skredfaren i området. Då er det lurt å byrje med snøskredvarselet for regionen du skal gå på tur i. Det regionale varselet finn du både på varsom.no og du kan også finne det på varsom sin app.
Etter du har fått god oversikt over snødekket i området du skal på tur lyt du finne ut av kva vêr som vil påvirke snøen i tida fram til du skal på tur og medan du er til fjells. Den mest brukte portalen for vêrmeldingar her i landet er yr.no. Men du bør også sjå på «Fjellvær» på snøskredvarselet. Dette er ei vêrmelding som er utarbeida med fokus på vêret i fjellet. Kor mykje snø som kjem er ein av dei viktigaste faktorane i forhold til både å finne godt skiføre, og for å vurdere snøskredfare. Sjogg.no presenterer forventa snømengde dei neste 3 døgna på ein oversiktleg måte.